Personleg trenar
Personleg trening 1:1 er eit tilbod for deg som ynskjer tett oppfølging og eit treningsopplegg tilpassa dine mål, behov og føresetnader. Du får éin-til-éin-rettleiing, på teknikk, belastning og progresjon, slik at du får best mogleg utbytte av kvar økt som hjelper deg med å trene effektivt, trygt og motiverande.
Saman set vi konkrete mål og lagar ein plan som passar kvardagen din – anten du vil bli sterkare, kome i betre form, førebyggje skadar eller berre komme i gang med trening.
Personleg trening 1:1 gir deg struktur, motivasjon og tryggleik i treninga, og passar både for nybyrjarar og erfarne.
PT 1-1

Personleg trening duo er eit tilbod for to personar som ynskjer å trene saman med tett og individuell oppfølging. De får eit treningsopplegg tilpassa dykkar mål, nivå og føresetnader, med rettleiing gjennom heile økta.
Duo-trening passar perfekt for vener, partnarar eller familiemedlemmar som vil motivere kvarandre og skape treningsglede saman. Trenaren tilpassar øvingar og belastning individuelt, slik at begge får trygge, effektive og målretta økter.
Saman set me konkrete mål og lagar ein plan som passar kvardagen – anten du vil bli sterkare, kome i betre form, førebyggje skadar eller berre komme i gang med trening. Passar både for nybyrjarar og erfarne.
PT Duo

Personleg trening i grupper kombinerer tett fagleg oppfølging med motivasjonen som ligg i å trene saman med andre. Treninga blir tilpassa gruppa sitt nivå og mål, med individuelle justeringar undervegs. Eit effektivt og sosialt treningstilbod for deg som ønskjer kvalitet, struktur og treningsglede.
PT i grupper passar for deg som ønskjer betre helse i kvardagen, bli sterkare, førebyggja skader, auka energi og samtidig ha ei positiv treningsoppleving saman med andre. Passar både for nybyrjarar og erfarne.
PT Gruppe

Prisar
PT 1:1
1 time - kr. 850
5 timar - kr. 4 038
10 timar - kr. 7 650
20 timar - kr. 14 450
30 timar - kr. 20 400
PT DUO
1 time - kr. 1 000
5 timar - kr. 4 750
10 timar - kr. 9 000
20 timar - kr. 17 000
PT GRUPPER
1 time - kr. 1 100
5 timar - kr. 5 225
10 timar - kr. 9 900
